Frå og med 1.1.2014 vil all oppdatering av ordlister på nynorsk følgje rettskrivinga av 2012.
Denne har no vore offisiell norm i noko over eitt år, og er innarbeidd i mellom anna nettutgåva av Nynorskordboka. Fleire av Tansas kundar har nytta den nye norma ei tid allereie, med gode erfaringar.
Overgangen vil føre med seg nokre endringar i dei kundetilpassa Tansa-ordlistene. Nokre skrivemåtar går ut, som til dømes kjøre og høre, der køyre og høyre no blir eineformer. Enkelte nye former kjem til, som til dømes bølge, som alternativ til dei allereie eksisterande formene bølgje og bylgje. Utanom dette blir det ikkje gjort endringar i dei etablerte språkprofilane. Det vil seie at gjeldande val av ordformer blir behaldne så lenge dei er innanfor den nye norma.
Om ein ønskjer å tilpasse ordlistene ytterlegare gjennom val mellom nye jamstilte former, er dette fullt mogleg. Det er også mogleg å reservere seg mot enkelte av endringane i den nye rettskrivinga. Ta i tilfelle kontakt med Kjetil Haug på tlf. 22071640 eller send e-post til salg@tansasystems.com for nærare informasjon om slik særskilt tilpassing.
Den første oppdateringa av ordlister som følgjer 2012-norma, vil etter planen ligge føre i mars 2014. Meir detaljar om den nye rettskrivinga kan ein finne her: http://www.sprakrad.no/upload/Brosjyrer/Ny%20nynorskrettskriving.pdf