Den nye nynorsknorma inneheld, som den førre, ein god del valfridom med omsyn til korleis ord kan skrivast på korrekt vis. Ein kan til dømes bygge eller byggje hus, kome eller komme heim, vere eller vera sjuk og halde foredrag eller føredrag. Det er difor framleis ei utfordring for nynorskbrukarar som ønskjer å føre eit konsekvent språk, å orientere seg i dette landskapet av moglege skrivemåtar av ord.
Språkrådet har nyleg komme ut med ei rettleiing for nynorskbrukarar som tek opp nettopp desse problemstillingane: http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm/Rettleiing-om-konsekvent-nynorsk/
Språkrådet seier mellom anna at det verkar ryddig og ordentleg at ein ikkje vekslar mellom fleire former, og det kan vere praktisk å velje éin variant og halde seg konsekvent til den når fleire personar er saman om å skrive eit dokument.
Tansas korrekturløysing for nynorsk gjer det enkelt å skrive nynorsk i samsvar med den nye rettskrivinga. Dersom ein nyttar ein skrivemåte som ikkje lenger er godteken, vil Tansa foreslå å rette til det som no gjeld. Samstundes kan ordlistene tilpassast på ein slik måte at ein sikrar ei god og konsekvent språkføring som er i samsvar med den nynorskprofilen som høver best. Dersom ein skriv noko som avvik frå denne profilen, vil Tansa foreslå endringar med ei særskild markering som syner at dette gjeld språkprofil og ikkje rettskriving.
For nærare informasjon om Tansas nye korrekturløysingar for nynorsk, ta kontakt med Kjetil Haug på tlf. 22 07 16 40 eller salg@tansasystems.com